Kneproteseoperasjon - øvelser
Det er viktig å komme i gang med aktivitet tidligst mulig etter operasjonen for å forebygge komplikasjoner og få god bevegelighet i leddet. Det er ingen restriksjoner når du har fått protese i kneleddet, men det er viktig med en god balanse mellom aktivitet og hvile, slik at du i størst mulig grad forebygger hevelse.
Før
Kor mykje aktivitet du skal vere i etter operasjonen er individuelt. Blir du hoven ein dag, har du truleg vore i for mykje aktivitet for tidleg. Då er det viktig at du tek fleire pausar i løpet av dagen. Legg deg gjerne med beinet høgt ein halvtimes tid etter aktivitet og trening.
Det er viktig at trening og rørsle i kneet ikkje blir stoppa av smerter. Derfor blir det tilrådd at du tek smertestillande som legen som opererte deg har føreskrive, så lenge du treng det.
Nokon kan trenge hjelpemiddel som langt skohorn eller lang klype for å bli sjølvhjelpte etter operasjonen. Hjelpemiddel kan du låne på hjelpemiddelsentralen i kommunen din.
Bruk krykker!

Etter operasjonen kan du ha full belasting på det opererte beinet. Du skal likevel bruke krykkjer i byrjinga for at muskulatur og sår skal få litt avlasting, og for at du skal få eit best mogleg gangmønster.
Bruk krykkjer til du kan gå utan å halte. Brukar du berre den eine krykkja, skal ho haldast på motsett side av det opererte beinet.
Bruk alltid ispiggar på krykkjene viss du går på glatt føre. Sjekk jamleg at ikkje knottane på krykkjene er utslite. Dersom dei er utslitne og må bytast, får du kjøpt nye knottar på apoteket.
Å gå i trapp

Oppover: Løft det friske beinet først opp, så operert bein og krykkjene.

Nedover: Set krykkjene ned først, så operert bein og det friske beinet til slutt.
Under
Etter ein operasjon er det viktig å halde blodsirkulasjonen i gang. Du kan byrje med øvingane med ein gong du er operert. Hald fram med desse fram til du byrjar med fysikalsk behandling. Gjer 10 repetisjonar av kvar øving fleire gonger om dagen.
Øving 1

Ligg med strake bein. Bøy og strekk godt opp og ned i anklane.

Øving 2

Knip samman musklane i lår og sete og press knehasane ned i madrassen. Hald og slepp.
Øving 3

Ligg på ryggen. Bøy det opererte benet, og trekk det mot deg, samtidig som du fører hælen langs underlaget.
Øving 4

Sitt på ein stol eller sengekanten. Legg ein klut eller liknande under foten og skyv beinet bakover slik at du får bøy på kneet. Hald 5 sekund før du skyv roleg fram. Denne øvelsen er særskilt viktig for deg som har problem med å bøye kneet.
Øving 5

Viktig øving for deg som har problem med å strekke ut kneet: Legg ei fast pute under ankelen slik at kneleddet kjem opp frå underlaget. Det skal
tøye i knehasane. Forsøk å ligge slik i 10 minutt, 3 – 5 gonger om dagen.
Etter
Etter at du har komme heim, startar du med fysioterapi ved eit fysikalsk institutt. Du må sjølv kontakte ein fysioterapeut for oppfølging etter operasjonen, og vi tilrår at du gjer dette i god tid før du blir operert.
I tillegg til at du startar med fysioterapi, skal du gjere øvingane nedanfor på eiga hand.
Vidare treningsprogram
Desse øvingane kan du vente med til det har gått cirka 14 dagar etter operasjonen. Utfør 5 - 10 repetisjonar, 3 – 5 gonger dagleg.
Øving 1

Løft det opererte beinet opp framfor deg.
Øving 2

Gjer langsame tåhevinger.
Øving 3

Bøy i kne og hofte, og stikk setet ut som om du skal setje deg på ein låg stol. Hald ryggen rett.
Øving 4

Set det opererte beinet bak deg. Forsøk å halde kneet strokke og samtidig setje hælen i golvet. Det skal tøye i muskulaturen på baksida av lår og legg. Hald i cirka 20 sekund.
Øving 5

Sit på ein stol. Løft det opererte beinet slik at du strekk heilt ut i kneleddet. Hald nokre sekund før du senkar det roleg ned igjen.
Alle foto: Sykehuset Østfold