Pasientar og pårørande kjem til informasjon og vurdering ved Spesialsykehuset for epilepsi (SSE) før oppstart med diett.
Anfallsregistrering
Anfall blir registrert i minst éin månad før diettstart. Det vil gi grunnlag for å vurdere kva effekt dietten har på anfalla. Færre anfall, kortare anfall og svakare anfall er viktige endringar.
- Hos pasientar med svært mange anfall kan det bli for omfattande å telje alle anfall. Da kan det løysast på denne måten:
- Mange anfallstypar: Registrér berre dei anfallstypane som gir størst konsekvensar for. Det er desse anfalla vi først og fremst har som mål å redusere.
- Hyppige anfall: Vel for eksempel éin time kvar dag der det pleier å vere mykje anfall og registrér alle anfall. Registrér på same tid kvar dag.
Korleis kan eg førebu meg?
Ta med følgande til diettoppstart:
- Anfallskalender
- Oversikt over medisinar og kosttilskot
- 3 dagars kostregistrering
- Datamaskin (PC/Mac)

