EEG for barn
EEG er en forkortelse for elektroencefalografi. EEG måler strømmen i hjernen og viser når hjernen en kort stund ikke virker som den skal. Noen sykdommer i hjernen gjør at strømmen blir forstyrret. EEG kan fortelle om du har epilepsi og hvordan epilepsi påvirker hjernen din.
Før
Når du skal ta EEG, må du ha nyvaska hår.
Under

Når du skal ta EEG får du leidningar på hovudet. Du må sitje roleg når leidningane blir festa med ein slags krem. Undersøkinga gjer ikkje vondt.

Du får ei nettinghette over leidningane for at dei skal sitje godt. Leidningane blir festa til eit måleapparat. Dei vaksne skal trykkje på ein knapp viss du får anfall. Det kjem fram eit sikk-sakk-mønster på ei datamaskin medan ein tek EEG.

Når du har på EEG kan du leike, sjå på TV og spele spel, men du kan ikkje hoppe og springe rundt.

Nokon har på leidningane ei kort stund, medan andre søv med dei til neste dag.
Etter
Når leidningane er tekne av må du vaske håret. Det kan ta nokre dagar før du og foreldra dine får svar på undersøkinga. Då vil legen fortelje dykk korleis ho eller han kan hjelpe deg.
Kontakt
Kristiansand
Barne- og ungdomsavdelingen

Egsveien 100, bygg 5
Egsveien 100, bygg 5
Egsveien 100, 4615 Kristiansand