Rehabiliteringa startar som oftast rett etter overføring frå akuttavdeling. Kva utgreiing vi gjer på avdelinga, avheng av opplysningar som følger med frå sjukehus, fastlege og eventuelt andre instansar.
Følgande undersøkingar kan vere aktuelle
- medisinsk og nevrologisk undersøking
- risikoscreening (fall, trykksår, ernæring, smitte og alkoholbruk)
- kartlegging av muskelfunksjonar, aktivitetar i dagleglivet og behov for hjelpemiddel
- laboratorieprøver blod og urin
- tilvising til andre aktuelle spesialistar, som for eksempel nevrolog
I løpet av opphaldet blir det gjort jamlege testar og undersøkingar for å følge utviklinga i rehabiliteringsprosessen.
Vi ønsker at du tar med deg
- individuell plan eller individuell opplæringsplan dersom du har dette
- oppdatert medisinliste (legemiddelliste). Denne kan du få hos fastlegen din
- ortopediske hjelpemiddel dersom du har det
- treningstøy og eventuelt badetøy dersom sjukehuset nyttar basseng
Vi treng informasjon om
- du har behov for spesialkost
- du har behov for tolk
- du har behov for spesielle hjelpemiddel, som for eksempel spesialmadrass eller dusjstol
Tenk gjennom måla du har for opphaldet
Måla dine for opphaldet er viktig og har fokus for rehabiliteringa di. Når du møter fagpersonane så har dei lese tilvisinga di og dei har da nokre opplysningar om kva som er viktig for deg, og eventuelt kva mål du har. Dette dannar grunnlaget for kva som kan vere relevante tema og mål for opphaldet ditt.