Kor mykje aktivitet du skal vere i etter operasjonen er individuelt. Blir du hoven ein dag, har du truleg vore i for mykje aktivitet for tidleg. Då er det viktig at du tek fleire pausar i løpet av dagen. Legg deg gjerne med beinet høgt ein halvtimes tid etter aktivitet og trening.
Det er viktig at trening og rørsle i kneet ikkje blir stoppa av smerter. Derfor blir det tilrådd at du tek smertestillande som legen som opererte deg har føreskrive, så lenge du treng det.
Nokon kan trenge hjelpemiddel som langt skohorn eller lang klype for å bli sjølvhjelpte etter operasjonen. Hjelpemiddel kan du låne på hjelpemiddelsentralen i kommunen din.
Bruk krykker!

Etter operasjonen kan du ha full belasting på det opererte beinet. Du skal likevel bruke krykkjer i byrjinga for at muskulatur og sår skal få litt avlasting, og for at du skal få eit best mogleg gangmønster.
Bruk krykkjer til du kan gå utan å halte. Brukar du berre den eine krykkja, skal ho haldast på motsett side av det opererte beinet.
Bruk alltid ispiggar på krykkjene viss du går på glatt føre. Sjekk jamleg at ikkje knottane på krykkjene er utslite. Dersom dei er utslitne og må bytast, får du kjøpt nye knottar på apoteket.
Å gå i trapp

Oppover: Løft det friske beinet først opp, så operert bein og krykkjene.

Nedover: Set krykkjene ned først, så operert bein og det friske beinet til slutt.