Opplæring og oppstart av diett
Barnet blir først lagt inn til eit to vekers opplæringsopphald på SSE, og vi anbefaler at begge foreldra er til stades den første veka. Mot slutten av opphaldet tilbyr avdelinga opplæring av barnets næraste. Oppstart av diett krev tett samarbeid mellom foreldre, klinisk ernæringsfysiolog, sjukepleiar og lege. Ved oppstart får foreldra skriftleg materiell om gjennomføringa av dietten.
Prinsippa i dietten
Før oppstart av diettbehandlinga blir berekna energibehovet til barnet og dietten blir planlagd ut frå normalt behov. For å oppnå stabil ketose må ein følge dietten nøye. Dietten består vanlegvis av fire til fem like store måltid. Væskebehovet blir berekna ut frå kroppsvekt. Både mat og væske blir jamt fordelt i løpet av dagen, og alt som er målt opp må etast og drikkast. Regelmessigheit og nøyaktigheit er viktig for å oppnå effekt.
Måltida
Dietten blir berekna av klinisk ernæringsfysiolog, som set saman ei ingrediensliste. Ut frå lista kan det lagast ulike retter. Barnet kan ete maten rå, kokte, steikte og krydra, men det er viktig at alt som står på lista kjem med. Ingrediensane blir vegne på ei digital vekt med 0,1 grams nøyaktigheit. De vil få opplæring i matlaging av sjukepleiarar på sengeposten.
Sondeernæring
Ketogen diett kan også givast som sondemat. Det er eit ernæringsmessig fullverdig produkt som finst som ferdigblanda løysing eller pulver som blir blanda med vatn. Av og til blir andre produkt tilsette for å oppnå rett forhold mellom feitt, karbohydrat og protein. Ketocal kan brukast aleine eller i kombinasjon med vanleg mat.
Finjustering av dietten
I løpet av tida barnet står på diett må det nokre gonger gjerast justeringar i kalorimengde, ketogen ratio og karbohydratmengde for å sjå kva som gir best anfallsreduksjon.
For å kunne vurdere om dietten gir effekt, anbefaler vi at han blir prøvd i minimum tre månader. Det blir gjort ei individuell vurdering av kor lenge det er behov for diettbehandlinga.